Namnet på leiren i år åpner for mange slags aktivitetar:
Hovudutflukt i år blir til Hæverfallsetra som ligg ein halv times kjøring frå leirplassen. Setra ligg 700 meter over havet og har fin utsikt over dalen og fjellheimen. Setra tilhøyrer Sundset Gard. Husa på setra er gamle, det eldste frå 1700-talet. Det er mulig å bli med fjosen morgon eller kveld. Det blir aktiviteter heile dagen på setra og dei som vil kan overnatta.
Ta med kosedyret ditt og den aller finaste pysjamasen din! Pysjamas-fest ein føremiddag.
Tidlegare veka-oppdrag har vore ola-bil-snekring med avsluttande billøp, flåtebygging med avsluttande padling. Veke-oppdraget i år er bestemt, men komiteen er på dette tidspunkt veldig hemmelighetsfulle. Men som vanleg blir det inndeling av lag på tvers av familiar, med både unge og gamle på laget. Og det blir bruk for både praktiske ferdigheter, kreativitet og kanskje får ein tatt i bruk enda litt nye talent i forhold til tidlegare veke-oppdrag.
Fiske-entusiast og komite-medlem Henry Arnfinn Vangseng røper nokre av sine gode fiskeplasser og lærer bort knep. Dette blir ein hysj-hysj-aktivitet for ikkje å skremma fisken. Men gode fiskehistorier blir servert i lavoen med ein kruttsterk kopp ekspresso.
Leirplassen har òg eigen fjos med kjeledyr (kaniner, minigris, geiter) og tilgang til kano og båt.
Klatrevegg.
Fint tur-terrent for sykling og fjelltur. Det blir organisert felles fjelltur for dei spreke og ”dassetur” for dei litt meir dasse.
Som tidlegare leirar blir det sosialt samvær med brettspel, ballspel, skrapping, stofftrykk, perling og nytt i år: origami (japansk papirbrettekunst)
Overnatting i seng. God standard på romma. Fine fellesareal.
Mjuklia leirplass ligg sentralt i forhold til Berkåk sentrum. Her kan du lese meir om Mjuklia. Du kan komma dit med privatbil eller ta buss eller tog (nesten gangavstand til stasjon). Berkåk ligg 8 mill sør for Trondheim.
Her kan du laste ned invitasjonen til Aktivitetsleiren 2011.
Vaksne kr 2300,-
Barn (3-15 år) kr 1300,- (Juba-barn 650 kr)
Gjertrud Fludal 41647584 gfludal@hotmail.com
Jofrid Fludal 90826520 jofridfludal@hotmail.com